To 18-åringar sikta etter ran av ung gut
Måndag kveld skal ein gut ha vorte rana av ein ungdomsgjeng i Olsvik i Bergen. Ifølgje BA skal gjengen ha vore maskerte. Politiet stoppa seinare på kvelden ein bil med tre ungdommar i området. To av desse vart arresterte av politiet i 21-tida, og har sete i politiet sin varetekt sidan då. – Dei er sikta for ran eller medverknad til ran, opplyser politiadvokat Laila Skeide til NRK. Ransofferet skal ha vore prega av hendinga, men ikkje fysisk skadd.