Over 130 norske borgarar ute av Sudan
133 norske borgarar og personar med norsk tilknyting har til no kome seg ut av Sudan. Dei fleste med hjelp av norske styresmakter og frå andre land, opplyser UD i ei pressemelding. – Eg er glad for at vi har kunne hjelpe norske borgarar ut av Sudan dei siste tre vekene. Det er no færre utreisemogelegheiter frå Sudan, og den internasjonale bistanden til å reise ut er avslutta, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap). Den norske innsatsen har vore ein del av ein stor internasjonal fellesoperasjon, som no er avslutta.