Fransk institutt og nyheitsbyrå råka av åtak i Gaza
Det melder fleire nyheitsbyrå. Ein AFP-journalist fortel om store øydeleggingar på kontoret til Nyheitsbyrået AFP. Ingen av dei åtte tilsette var på jobb då åtaket skjedde. IDF nektar for at det er dei som står bak. I dag vart det også kjent at eit fransk kulturinstitutt i Gaza er treft av eit israelsk åtak. Åtaket skal ha skjedd for nokre dagar. Fredags kveld seier Frankrikes utanriksminister Catherine Colonna at landet er i dialog med isralske myndigheiter.