Front-mot-front på E39 ved Breim
Politiet melder om ei trafikkulykke mellom to bilar ved Breim i Gloppen kommune. Det er ei front-mot-front-ulykke. Ulykka skjedde på E39 ved Dale, sør for Sandane. Politiet opplyser at alle personar skal vere vakne og medvitne. Fire personar var involverte i ulykka, dei er alle frakta til eit lokalt legesenter. Det er for tida ein del kø på staden. Ambulanse er på staden. Politiet opplyser også at det er glatt på staden.