Porto vann toppoppgjeret
Porto scora på overtid og slo erkerival Benfica 1-0 borte i den portugisiske ligaen. Porto leier med to poeng når fire kampar står att, og kan ta sitt første ligameisterskap sidan 2013. Benfica har vunne dei fire siste. Ikkje sidan 2002 har eit anna lag enn dei to store vunne ligaen i Portugal.