Må truleg gå etter Newcastle-bråk
Styreleiar Gary Hoffman må truleg gå av som følgje av det Saudi-Arabiske oppkjøpet av Newcastle United, melder Sky Sports. Premier League godkjende tidlegare i haust at eit konsortium eigd av det statlege saudiarabiske investeringsfondet kjøpte den engelske PL-klubben. Det skapte rabalder. PL fekk kraftig kritikk for å tillate det som blir kalla "sportsvasking", ettersom Saudi-Arabia har eit dårleg rykte omkring menneskerettane i landet. Godkjenninga har ført til auka motstand og kritikk, ikkje minst frå fleire av dei andre klubbane i PL. Читать дальше...