Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
NRK.no
Январь
2020

Новости за 12.01.2020

Tiltalt for mishandling mot kattar

NRK.no 

Ei kvinne i 50-åra er tiltalt for grove brot på dyrevelferdslova etter å ha halde 33 kattar innestengt i ein bustad i Vestland gjennom sju år. Kattane skal ha levd rundt søppel, skrot og avføring, skriv Bergensavisen. Rettssaka er i april.

Person rispa med kniv i Oslo

NRK.no 

Ein person har blitt rispa med ein kniv ved Sofienberg i Oslo, melder politiet. Det skal vere snakk om overflatiske skadar. Politiet leitar etter to gjerningspersonar. Det er ukjent relasjon mellom den fornærma og dei mistenke.

Åtvarar om å drepe demonstrantar

NRK.no 

Donald Trump åtvarar Iran om å drepe demonstrantar som protesterer mot nedskytinga av eit ukrainsk passasjerfly. 176 personar mista livet. USAs forsvarsminister seier dei er villige til å diskutere vegen vidare.

Kallar drapet uforståeleg

NRK.no 

Den tidlegare advokaten til 21-åringen som blei skoten og drepen utanfor Prinsdal grill i Oslo fredag kallar drapet uforståeleg, skriv Dagbladet. Advokaten seier han er sjokkert over nyheita, og at 21-åringen ikkje var ein del av eit kriminelt miljø.

17 afghanarar døde etter snøvêr

NRK.no 

Minst 17 personar omkom i Afghanistan på laurdag etter kraftig snøvêr. Store snømengder har ført til at fleire viktige vegar har vore stengde sidan nyttår.



Skuldingar om brot på våpenkvila

NRK.no 

Opprørsgeneralen Khalifa Haftar og den FN-støtta regjeringa i Libya skuldar kvarandre for brot på våpenkvila. Dette skjer berre få timar etter at våpenkvila tredde i kraft søndag. Begge partar forsikrar likevel om at dei vil respektere våpenkvila.

Fly får ikkje lande i Manila

NRK.no 

På Filippinane er fleire tusen menneske evakuerte frå området rundt Taal-vulkanen, som i dag har hatt eit mindre utbrot. Fly får ikkje lande på flyplassen i Manila på grunn av oska. Seismologar fryktar at det kan kome eit større utbrot snart.

Veien over Strynefjellet åpen

NRK.no 

Etter å ha vært stengt for trafikk hele helgen, er nå riksvei 15 over Strynefjellet i Innlandet åpen for trafikk.

NHF dropper Oslofjord Arena

NRK.no 

Styret i Norges Håndballforbund har vedtatt at forbundet ikke skal legge sine arrangementer til Oslofjord Arena, som eies av Brunstadstiftelsen. Avgjørelsen kom etter protester fra flere klubber, som reagerer på Brunstadstiftelsens syn på homofili.

Opprørspoliti utkommandert i Iran

NRK.no 

Situasjonen er spent i hovudstaden Teheran, der opprørspoliti er utkommandert for å hindre nye protestar mot regimet. Laurdag blei fleire tusen demonstrantar møtt med tåregass, då dei kravde at den øvste leiaren i Iran må gå av.

Tornadoar har tatt fleire liv i USA

NRK.no 

Minst elleve menneske har omkome etter fleire kraftige tornadoar i sørstatane i USA. Mange hus er øydelagde og fleire hundre tusen menneske er utan straum. Delstatane Alabama og Nord Karolina er hardast råka.

Storbritannia krev forklaring

NRK.no 

Storbritannia krev ei forklaring etter at deira ambassadør til Iran blei arrestert i går. Rob Macaire deltok på ei minnesamling i Teheran, som etter kvart vart til ein demonstrasjon mot styresmaktene. Macaire seier han ikkje deltok i demonstrasjonen.

Vulkanutbrot på Filippinane

NRK.no 

Taal-vulkanen som ligg sør for hovudstaden Manila har hatt utbrot og farenivået er heva. Søndag kom det både damp og oske frå vulkanen, som steig rundt 100 meter opp i lufta. At farenivået er heva betyr at det kan komme eit større utbrot.

Fleire stengde fjellovergangar

NRK.no 

Det er varsla store nedbørsmengder og kraftig vind langs kysten og i fjellet søndag. Uvêret har ført til fleire stengde fjellovergangar, mellom anna riksveg 15 over Strynefjellet og riksveg 13 over Vikafjellet.

Krystalldansen

NRK.no 

Hvordan kan et lite molekyl bli til et av naturens vakreste og skjøreste byggverk? Følg en snøkrystalls ferd mot bakken.





СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *