Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
NRK.no
Февраль
2020

Новости за 21.02.2020

Skal undersøke skredområde

NRK.no 

På Svalbard vil Sysselmannen i løpet av fredag reise ut for å gjera undersøkingar på staden der to tyske statsborgarar døyde i eit snøskred torsdag. Dei to omkom i eit ras på Fridtjovbreen ved den russiske gruvebyen Barentsburg.

EU: Fordømmer syrisk Idlib-angrep

NRK.no 

EU fordømmer ​​angrepet til den syriske regjeringa i Idlib, den siste opprørsenklaven i Syria, og åtvarar samtidig om ein humanitær katastrofe. Offensiven frå det syriske regimet har sidan desember sendt 900.000 menneske på flukt frå Idlib, ifølge FN

Hanau-angrepet var rasistisk terror

NRK.no 

Den tyske innanriksministeren Horst Seehofer seier fredag at skytemassakren i Hanau var eit terrorangrep med rasistisk motiv. Han la òg vekt på at angrepet var det tredje høgreekstreme angrepet på berre nokre månader i Tyskland.



Høgreekstrem trussel i Tyskland

NRK.no 

I Tyskland er trusselen frå høgreekstreme veldig høg, seier innanriksministeren i landet, melder AFP fredag formiddag. Samtidig seier innanriksministeren at tysk politi vil auka til nærværet i heile landet og ved moskear.

Saksøker Thomas Borgen

NRK.no 

Ei gruppe investorar har saksøkt tidlegare Danske bank-toppsjef, norske Thomas Borgen, for 3,7 milliardar norske kroner, skriv den danske avisa Børsen. Borgen gjekk av som sjef hausten 2018, som følge av kvitvaskingsskandalen i banken.

Dømt for voldtekt, overgrep og vold

NRK.no 

En mann er i Bergen tingrett dømt til fengsel i åtte og et halvt år for voldtekt av konen, seksuelle overgrep mot en stedatter og vold mot familien. Overgrepene skjedde over en periode på 10 år, skriver BT.

Vil ha klimaendringar på pensum

NRK.no 

Norske medisinstudentar vil ha meir undervisning om korleis klimaendringane påverkar helse. Norsk medisinstudentforening og Legeforeningen oppfordrar nå medisinske fakultet å gje ei innføring i korleis klima og helse heng saman, skriv Dagens Medisin.

Vil ha Giske som fylkesleiar

NRK.no 

Trondheim Arbeidarparti vedtok torsdag kveld å foreslå Trond Giske som ny fylkesleiar i Trøndelag Ap, melder Adresseavisen. Torsdag blei det òg klart at Giskes eige lokallag ikkje har sett han på lista over kandidatar til styret i Trøndelag Ap.

Studentane tener mindre

NRK.no 

Studentar tener mindre frå arbeid, men auka studiestøtte har i stor grad skjerma dei frå redusert kjøpekraft, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. 90 prosent av studentane i Noreg har arbeidsinntekter frå jobb eller næringsverksemd.

Fleire smitta i Sør-Korea

NRK.no 

I Sør-Korea har talet på smitta stige med 48 personar, melder AP fredag morgon. Totalt er 204 menneske smitta i landet. 46 av dei nye smitta, er knytt til den kristne Shincheonji-sekta i byen Daegu, opplyser styresmaktene i landet.

Koronaviruset i kinesiske fengsel

NRK.no 

Fleire enn 400 tilfelle av det nye koronaviruset har blitt oppdaga i fengsel ei rekke stader i Kina. I Hubei, den sentrale provinsen der viruset først blei påvist i desember i fjor, er det påvist ​271 smittetilfelle i fengsel.

Fleire overnattingar på Svalbard

NRK.no 

Frå 2015 til og med 2019 auka talet på overnattingar på Svalbard med 30 prosent. Utlendingar stod for over 80 prosent av aukar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det var rundt 166.000 overnattingar ved hotella på Svalbard i 2019.

Fleire ukrainske lastebilsjåførar

NRK.no 

Talet på ukrainske lastebilsjåførar i Noreg har meir enn dobla seg på to år, viser ei undersøking får Yrkestrafikkforbundet. Nå er 15 prosent av lastebilsjåførane som kryssar den Norske grensa, ukrainske, samanlikna med berre sju prosent i 2017.

Kraftig storm på veg mot Sør-Noreg

NRK.no 

Ein kraftig storm er på veg inn over Sør-Noreg. Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast inn over land langs kysten og kraftig snøfokk i fjellet frå fredag kveld av.

Italienar smitta av koronaviruset

NRK.no 

I Lombardia i Italia er ein 38 år gammal mann smitta av det nye koronaviruset, opplyser styresmaktene i regionen fredag morgon, melder Reuters. Han er den fjerde personen i Italia som er smitta.

Bildelingsboom i oljebyen Stavanger

NRK.no 

Lenge såg det ut til at folk i oljebyen var så glade i bilane sine at bildelingstenesta måtte legge ned. På litt over eitt år gjekk medlemstalet opp 80 prosent.

Go Ahead vil kutta reisetid

NRK.no 

Go-Ahead ønsker å redusera reisetid og ha fleire avgangar på Sørlandsbanen. Men då må fleire stopp bli kutta undervegs. Det går fram av eit høyringsbrev dei har sendt ut til fylkeskommunane langs strekninga.





СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *