Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
NRK.no
Март
2020

Новости за 27.03.2020

Over 1000 smitta i Russland

NRK.no 

Over 1000 koronasmitta er registrert i Russland. Talet på smitta stig ifølge styresmaktene med 200 kvar dag. Auken er særleg kraftig i Moskva. I eit forsøk på å bremse viruset blir kafear og restaurantar stengde i ni dagar frå laurdag, melder AFP.

Langtidsplan for Forsvaret utsett

NRK.no 

Framlegginga av langtidsplanen for Forsvaret er utsett til over påske, skriv Forsvarets forum. Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen skulle opprinneleg ha lagt fram planen for perioden 2021 til 2024 i februar, og vart først utsett til slutten av mars.

India kuttar renta

NRK.no 

Sentralbanken i India kuttar renta til 4,4 prosent og sprøytar 50 milliardar dollar inn i finanssystemet for å handtere konsekvensane av koronapandemien. Dei set i verk tiltaket tre dagar etter at landet stengde ned for å bremse virusspreiinga.

En død av korona i Drammen

NRK.no 

En koronasmittet kvinne døde torsdag på Drammen sykehus, opplyser familien til Drammens Tidende. Helseforetaket Vestre Viken ønsker overfor avisa ikke å uttale seg om dødsfallet, men viser til de daglige oppdateringene, som publiseres klokka 14.00.

144 nye dødsfall i Iran

NRK.no 

Iran rapporterer fredag om 144 nye dødsfall som følge av koronavirus. Det totale talet på døde i Iran er no 2378. Over 32.000 er stadfesta smitta, og meir enn 11.000 av dei som har vore innlagte er friske.



Oppmodar til brannøving heime

NRK.no 

Med mange barn heime er det lurt for familiar å ha brannøving, skriv Rogaland brann og redning i ei pressemelding. Dei oppmodar til å ha eit brannmøte der alle som bor i bustaden kan avtale korleis dei kjem seg ut om det brenn og kor dei skal møtast.

Politiet: Meir råkøyring no

NRK.no 

Mindre trafikk på vegane under koronautbrotet gjer at enkelte trykker langt hardare på gassen. Politiet melder om fleire grove brot på fartsgrensene. – Dei som er villige til å tøye grensene, ser ut til å utnytte den sjansen, seier politiet til BT.

13.000 søknader om dagpengar

NRK.no 

I løpet av torsdag fekk Nav inn 13.000 nye søknader om dagpengar. Det har vore ein liten nedgang kvar dag i løpet av den siste veka. Over ti prosent av arbeidsstyrken i Noreg har søkt om dagpengar sidan 9. mars. Det er nesten 300.000 personar.

Koronadødsfall i Østfold

NRK.no 

Ein bebuar på ein sjukeheim i Moss døydde i går, 26. mars. Bebuaren fekk påvist smitte av koronavirus same dag. Det er det 15. koronadødsfallet i Noreg.

Kina stenger for innreise

NRK.no 

Kina stenger slik at folk frå andre nasjonar ikkje kan komme inn i Kina, melder det kinesiske utanriksdepartementet. Årsaka er den raske spreiinga av koronaviruset i verda. Den siste tida har dei fleste nye smittetilfella i Kina komme frå andre land.

Solid børsoppgang i Tokyo

NRK.no 

Børsen i Tokyo steig 3,9 prosent fredag, i kjølvatnet av den kraftige børsoppgangen på Wall Street dagen før. Også i Hongkong var det børsoppgang, medan i Europa er det nedgang på aksjemarknadene fredag.

Europeiske aksjar fell to prosent

NRK.no 

Aksjemarknadene i Europa fell med meir enn to prosent ved opninga fredag morgon. Det skjer etter tre dagar med oppgang som kom etter at verda har sett i gang tiltak for å motverke den økonomiske krisa. Marknaden i London fell mest, med 2,7 prosent.

To barn døydde i bilbrann i Sverige

NRK.no 

To barn og ein mann døydde i ein bilbrann ved Uppsala i Sverige i går. Det opplyser det svenske politiet. Politiet sa i går at dei ikkje visste noko om bakgrunnen til hendinga, men at dei har starta drapsetterforsking.

To koronadødsfall i Sør-Afrika

NRK.no 

Dei to første dødsfalla som følge av koronaviruset er stadfesta i Sør-Afrika, melder AFP. Talet på smitta i landet har passert 1000. – Vi vakna til den triste nyheita om dei første dødsfalla, seier helseministeren i landet.

Børsen opnar ned

NRK.no 

Hovudindeksen på Oslo Børs opnar ned fredag morgon. Denne veka har indeksen hatt oppgang tre dagar på rad, og har henta inn over åtte prosent av det kraftige børsfallet.

Vanskeleg å komme heim frå utlandet

NRK.no 

For kvar dag som går blir det vanskelegare for nordmenn som oppheld seg i utlandet å komme seg heim. Reiserestriksjonar og kansellerte flygingar fører til skyhøge prisar for flybillettar. Enda eit problem i for eksempel Peru er at dei har portforbod.

Listhaug: – Pakke for lite konkret

NRK.no 

Finanspolitisk talsperson i Frp, Sylvi Listhaug, meiner den nye kompensasjonsordninga for kriseramma bedrifter som Regjeringa la fram i dag er for lite konkret. Ho saknar svar på kor grensa for å få hjelp går og kor mykje av utgiftene som blir dekt.

Virke fornøgd med krisehjelp

NRK.no 

Virke-leiar Ivar Horneland Kristensen roser den nye kompensasjonsordninga til Regjeringa. Den gir håp til mange personar og familiar i ei vanskeleg tid, seier han. Regjeringa skal dekke faste utgifter til bedrifter som mistar inntekt i koronakrisa.





СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *