Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
NRK.no
Май
2020

Новости за 27.05.2020

Avviser høyring om Cummings

NRK.no 

Statsminister i Storbritannia, Boris Johnson, avviser å halde ei offentleg høyring om handlingane til rådgjevaren hans, Dominic Cummings. Han seier at ei gransking i saka «ikkje ville vore fornuftig tidsbruk».

– Ikkje lenger sjølvstyre

NRK.no 

Utanriksminister Mike Pompeo har gitt Kongressen i USA beskjed om at dei ikkje lenger ser at Hongkong har ei høg grad av sjølvstyre frå regjeringa i Kina. Kunngjeringa gjer at USA kan ta ifrå Hongkong deira særskilde status som handelspartnar.

Freistar med gratis helsehjelp

NRK.no 

Alle som testar positivt for koronaviruset medan dei er på ferie på Kypros, skal få dekka alle helseutgifter, ifylgje styresmaktene i landet. Det kjem fram i eit brev til reiseoperatørar og flyselskap om tiltaka for å trygge turistsektoren.



Liten oppgang på Oslo Børs

NRK.no 

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk opp 0,2 prosent til 806,2 poeng i handelen onsdag. Oljeprisen fall, og eit fat nordsjøolje vart i 17-tida omsett for 34,3 dollar, ein nedgang på 4,7 prosent i løpet av dagen.

Høgaste dødstal to veker på rad

NRK.no 

Sverige er rapportert som det landet i verda med høgst døyelegheit av koronaviruset per innbyggar for andre veka på rad, syner tal frå Oxford-universitetet. Den siste veka har døyelegheita i Sverige vore på 5,4 per ein million innbyggarar.

Delvis gjenopning i Moskva

NRK.no 

Hovudstaden i Russland hever delar av stengingstiltaka frå måndag fordi smittespreiinga har falt dei siste vekene. Mellom anna kan butikkar som ikkje sel mat opne att, og folk skal få vere utandørs i spesifikke tidsrom.

Færre innleggingar og dødsfall

NRK.no 

Folkehelseinstituttet har registrert eitt nytt koronarelatert dødsfall og fem nye sjukehusinnleggingar i løpet av førre veke, syner den siste vekesrapporten deira. Talet på nye smittetilfelle går også nedover.

Vil ikkje godkjenne redningsplan no

NRK.no 

Flyselskapet Lufthansa har utsett å ta stilling til den tyske regjeringa si redningspakke verdt nesten 100 milliardar kroner. Selskapet seier onsdag at årsaka mellom anna skal vere frykt for at det skal stillast strenge vilkår frå EU-kommisjonen.

Flere direkteruter i nord

NRK.no 

I dag forlenget samferdselsdepartementet avtalen med flyselskapene Widerøe, SAS og Norwegian, fra 31. mai til 30. juni. Dette vil gi flere daglige direkteruter mellom Finnmark og Gardermoen, og Troms og Finnmark, seks dager i uken.

Varetektsfengsla i fire veker

NRK.no 

Mannen i 30-åra som er sikta for terrorfinansiering av PST, vert varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Det har Oslo tingrett bestemt onsdag.

Ikkje lenger besøksstans

NRK.no 

Helseminister Bent Høie seier at helse- og omsorgsinstitusjonar no skal legge til rette for normal besøksaktivitet så langt det lar seg gjere, då det er trygt å gjere dette igjen. Korleis det skal gjennomførast vert opp til kvar enkelt institusjon.

Kan opne for fullt

NRK.no 

I barnehagar og barne- og ungdomsskular kan lærarar og elevar gå bort frå kravet om ein meters avstand frå 2. juni, og heile skuleklassar og barnehageavdelingar kan vere samla, opplyser kunnskapsminister Guri Melby.

Ankar ransakinga

NRK.no 

Tom Hagen sin forsvarar Svein Holden opplyser til VG at avgjersla om ransakinga av Tom Hagen sin heim vert anka. Måndag i førre veke opplyste Holden at avgjersla ikkje ville verte anka, men har no snudd.

Pasientrettane vert innført att

NRK.no 

Endringane i helselovgjevinga vert oppheva slik at dei fleste av pasientrettane gjeld att, skriv regjeringen.no.

Ein million for å syne Sabeltann

NRK.no 

Dyreparken i Kristiansand brukar ein million kroner på smitteverntiltak for å kunne tilby Kaptein Sabeltann-førestillingar for om lag 40.000 personar i løpet av juli. Dei vil tilby to førestillingar i dyreparken kvar kveld.

– Betre førebudd enn nokon gong

NRK.no 

Samferdselsminister Knut Arild Hareide meiner me er betre førebudd enn nokon gong på flaum og ras etter eit møte med sentrale samferdselsaktørar onsdag, skriv NTB. Det er fare for ras og flaum på fleire veg- og jernbanestrekningar i vekene som kjem.





СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *