Rakettangrep i Kabul
Nyheitsbyrået Reuters melder om at fleire rakettar skal vorte skotne mot mål i Kabul, hovudstaden i Afghanistan, også mot eit viktig diplomat-distrikt. Ifylgje Reuters vart rakettane fyrt av frå to køyretøy. Det har ikkje vorte rapportert om skadar.