Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
NRK.no
Октябрь
2020

Новости за 12.10.2020

WHO ut mot flokkimmunitet-strategi

NRK.no 

Å la koronaviruset få herje fritt med mål om å oppnå flokkimmunitet er ein uetisk strategi, seier direktør Tedros Adhanom Ghebreyesus i Verdas helseorganisasjon måndag. Ifylgje Tedros har denne strategien vorte føreslege av enkelte.

Produksjon att tidlegast i 2021

NRK.no 

Equinor varslar at produksjonen på det brannherja petroleumsanlegget på Melkøya i Finnmark tidlegast vil kome i gang att over nyttår, melder NTB. Anlegget har vore stengt sidan det braut ut ein brann der 28. september.

Hurtigruta kutter tilbud

NRK.no 

Samferdselsdepartementet har bedt Hurtigruten om at de to skipene på kystruten kun skal seile strekningen Bodø-Kirkenes-Bodø. Rederiet har, av økonomiske hensyn, seilt med to skip mellom Bergen og Kirkenes siden oktober, men må prioritere Nord-Norge.

Vil vurdere minstepris på billettar

NRK.no 

Flygerforbundet meiner det kan vere verdt å greie ut ein minstepris på flybillettar, etter at det vart klårt at det ungarske lågprisselskapet Wizz Air opnar innanriksruter i Noreg. Det skriv Fri Fagbevegelse.



Bystyrepolitikar smitta av korona

NRK.no 

Bystyrepolitikar Alida Johanne Domaas i Trondheim har testa positivt for koronaviruset, seier ho til avisa Nidaros. Ho har delteke på møte både i Trondheim og Oslo den siste tida, og er no i isolasjon i Oslo.

Reagerer på Nord-Korea-dokumentar

NRK.no 

Svensk og dansk UD skriv i ei felles utsegn at dei er uroa over avsløringane i dokumentaren «Muldvarpen – Nord-Korea avslørt». Serien viser blant anna korleis landet omgår strenge sanksjonar. Sverige og Danmark seier dei vil ta saka opp i FN og EU.

Ein av fire økonomisk råka

NRK.no 

360.000 hushaldningar hadde lågare inntekter i juni enn før koronakrisa, syner ein ny rapport frå Sifo. Det svarar til ein av fire hushaldningar i Noreg.

Innfører tredelt system

NRK.no 

Statsminister i Storbritannia, Boris Johnson, innfører eit tredelt system for å stoppe koronasmitten i landet. Han vil ikkje innføre ei ny stenging av landet, men vil heller ikkje la viruset herje fritt, sa han på ei pressekonferanse måndag.

Høring av ny høyesterettsdommer i USA i gang

NRK.no 

I fire dager skal dommer Amy Coney Barrett spørres ut i Senatets justiskomité i forbindelse med at Senatet skal godkjenne henne som ny høyesterettsdommer. Blir hun godkjent, blir hun den mest uttalte abortmotstanderne i høyesterett på flere tiår

Facebook forbyr holocaustfornekting

NRK.no 

Facebook forbyr fornekting av holocaust på alle sine plattformer, og selskapet seier det er uroa for auka antisemittisme. – Dersom folk søker etter holocaust på Facebook, vil me leie dei til pålitelege kjelder for presis informasjon, seier selskapet.

51 drepne i Nagorno-Karabakh

NRK.no 

Armenske representantar i utbrytarregionen Nagorno-Karabakh opplyser at 51 soldatar har vorte drepne i kampane med Aserbajdsjan. Til saman har no 480 soldatar på begge sider vorte drepne sidan kampane braut ut 27. september, skriv Reuters.

Kuttar 72 årsverk på Oslo lufthamn

NRK.no 

Selskapet ISS kuttar 72 årsverk på Oslo lufthamn. Årsaka er at langt færre reiser med fly på grunn av koronapandemien. Dei tilsette i ISS driv mellom anna med reinhald, hittegods og tralleteneste.





СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *