Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
NRK.no
Октябрь
2020

Новости за 13.10.2020

Ronaldo har korona

NRK.no 

Cristiano Ronaldo har testa positivt for koronaviruset, opplyser det portugisiske fotballforbundet. Han skal med det ikkje spele i kampen mellom Portugal og Sverige onsdag. Ifylgje fotballforbundet har Ronaldo det fint, og han er i isolasjon.

Drakk smuglarsprit og døydde

NRK.no 

I Tyrkia er minst 44 personar døde etter at dei har drukke metanolhaldig sprit. Minst 30 personar er innlagde på sjukehus, ifylgje den statlege kringkastaren TRT. Politiet har arrestert 22 personar og beslaglagd fleire tonn smuglarsprit.

Inngår avtale om sivile rettssaker

NRK.no 

Noreg og Storbritannia har inngått ein avtale som sikrar at norske sivile dommar i framtida kan verte anerkjend eller fullbyrda i Storbritannia. Bakteppet er at Storbritannia i utgangspunktet vil trekke seg ut av Luganokonvensjonen etter brexit.

Sikta for drapsforsøk

NRK.no 

To menn er no sikta for drapsforsøk etter den alvorlege valdshendinga i Arendal måndag kveld, opplyser politiet i Agder. Begge dei fornærma i saka er no utanfor livsfare. Tidlegare var siktinga for grov kroppsskade, men den er no utvida.

– Aldri opplevd maken

NRK.no 

1. juni kjørte de tråkkemaskinen på Sjusjøen siste gang i vår. I dag kjøres det opp langrennsløyper igjen – litt over fire måneder seinere.

Etterforsker overfall av barn

NRK.no 

Politiet etterforsker et mulig overfall av et barn i Fyllingsdalen i Bergen. En voksen mann skal ha dratt med en jente inn i en skog og prøvd å kle av henne. Politiet ønsker tips fra folk som gikk turveien fra Sælen kirke mot Bjørge sist onsdag.

14 bønder drepne i Nigeria

NRK.no 

15 bønder vart angripne medan dei arbeida med innhaustinga måndag, og 14 av dei vart drepne medan den siste overlevde med kritiske skadar. Ifylgje lokale styresmakter var det Boko Haram som sto bak åtaket.



Rundt 3000 råka av p-pille-mangel

NRK.no 

Det er for tida stor mangel på norske pakningar av p-pilla Yasminelle 28, som vert brukt av om lag 3000 personar i Noreg, skriv VG. Mangelen byrja i september og dei neste forsyningane kjem i november. Årsaka er mangel på råstoff hjå produsenten.

Vil justere opphaldsreglar

NRK.no 

For å unngå uheldige konsekvensar som fylgje av koronarestriksjonar, føreslår regjeringa eit unntak frå regelen om at permanent opphaldsløyve fell bort etter to års opphald i utlandet. Unntaket vil vere mellombels.

Tolv soldatar drepne i Mali

NRK.no 

Tolv soldatar vart drepne i to ulike åtak i det sentrale Mali, opplyser militæret i landet tysdag. Militæret mistenkjer at det er jihadistar som står bak åtaka.

Tiltala for drap i 2018

NRK.no 

Ein 56 år gammal mann er tiltala for å ha drepe sambuaren sin i ei blokkleilegheit på Oppsal i Oslo i september 2018. Saka skal opp i tingretten 16. mars neste år.

Spår tilbakegang i verdsøkonomien

NRK.no 

Det internasjonale pengefondet spår at verdsøkonomien vil gå tilbake 4,4 prosent i år, melder mellom anna AFP. I juni trudde dei dette talet ville ligge på 4,9 prosent.

Har passert 100.000 koronasmitta

NRK.no 

Til saman har 100.654 personar testa positivt for koronaviruset i Sverige, opplyser helsestyresmaktene i landet. Det siste døgnet har dei registrert fem nye koronarelaterte dødsfall, og det totale talet er no 5899 slike dødsfall.

Koronasmitta på fly

NRK.no 

Folkehelseinstituttet melder at det på ein flyavgang mellom Oslo og Haugesund har vore personar som er stadfesta smitta med covid-19. Dette var ein avgang førre måndag, skriv Haugesunds avis. Same dag er det stadfesta smitte om bord på kystbussen.

35 smitta på same utestad

NRK.no 

35 av smittetilfella av koronaviruset i Bergen dei siste dagane er knytt til same utestad og same kveld, opplyser Bergen kommune. Mange av dei andre smittetilfella er også knytt til utestader og private arrangement.

Ansatt ved St. Olavs smittet

NRK.no 

En ansatt ved St. Olavs hospital på Øya har fått påvist Covid-19. 8 ansatte og 3 pasienter er foreløpig satt i karantene. Den ansatte har blitt smittet utenfor sykehuset, melder sykehuset.

Høgste smittetal sist veke

NRK.no 

Europeiske land rapporterte inn over 700.000 nye smittetilfelle av koronaviruset førre veke, noko som er det høgste talet sidan pandemien starta, opplyser WHO. Storbritannia, Frankrike, Russland og Spania sto for over halvparten av dei nye tilfella.

20 fleire smitta i Bergen

NRK.no 

I Bergen har det vorte registrert 20 nye tilfelle av koronasmitte det siste døgnet, melder Bergen kommune. Dei smitta er i alderen 19-74 år. Eit tilfelle er importsmitte frå utlandet. Alle har kjend smitteveg.

Noreg med lågast smittetrykk

NRK.no 

Tal frå Det europeiske smittevernbyrået ECDC syner at ingen land i EU og EØS har like lågt smittetrykk av koronaviruset som Noreg, melder VG. Dei siste 14 dagane er talet på smitta per 100.000 innbyggarar i Noreg 34,3.





СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *