Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
NRK.no
Октябрь
2020

Новости за 27.10.2020

Brot i forhandlingane om flyavtalen

NRK.no 

Parat og NHO Luftfart har brote forhandlingane for arbeidstakarar som er omfatta av flyavtalen. Dette gjeld tilsette innan kontor, ekspedisjon, trafikale og operative avdelingar i flyselskap. Det blir mekling, men tidspunktet er ikkje klart enno.

523 koronadødsfall siste døgn

NRK.no 

Styresmaktene i Frankrike melder om 523 nye dødsfall som følge av koronaviruset siste døgn. Dette er det høgaste døgntalet som er meldt sidan 22. april, ifølge Reuters. Siste døgn er det også registrert 33.417 nye smittetilfelle i landet.

Pågrepet etter trusselsituasjon

NRK.no 

En mann i 20-årene er pågrepet og satt i varetektsarrest i Molde etter en trusselsituasjon, melder politiet. Mannen skal ha truet ansatte med kniv etter at han ble tatt for nasking. Han ble fratatt kniven før politiet kom. Ingen personer er skadet.

Jagland ut mot Stoltenberg i ny bok

NRK.no 

Tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland kjem med skuldingar om ein svertekampanje mot han leidd av partikollega Jens Stoltenberg i si nye bok. Stoltenberg har sjølv innrømt i sin biografi at han heldt hemmelege møter for å skvise ut Jagland.

Testar eit kor for korona i Tromsø

NRK.no 

Tromsø kommune testar eit kor på 30 personar, etter at eitt av kormedlemmene testa positivt for covid-19. Av dei andre har fleire utvikla symptom som er forenlege med korona, og alle er no i karantene, seier fagleiar for koronasenteret i kommunen.



To nordmenn på Lesvos-team smitta

NRK.no 

To personar i det norske medisinske teamet som var på Lesvos etter brannane i Moria-leiren, har testa positivt for covid-19, melder NTB tysdag.

Krev fengselsstraff etter havariet

NRK.no 

Økokrim meiner reiar Georg Eide må straffast med ni månader fengsel for medverknad til alvorleg miljøkriminalitet etter "Tide Carrier"-forliset. Påtalemakta skuldar Eide for å ha freista å få skipet skrapa ulovleg i Pakistan. Han nektar straffskuld.

Coleman utestengd i to år

NRK.no 

Regjerande verdsmeister i 100 meter sprint, Christian Coleman, er utestengd frå konkurransar i to år fordi han ikkje møtte opp tre gongar på rad for å bli testa av dopingkontrollørar, melder AFP. Coleman får dermed ikkje delta på OL i Tokyo neste år.

Frp pressa før budsjettkampen

NRK.no 

Dei raudgrøne får ein opptur og har fleirtal utan Raudt og Miljøpartiet dei grøne på Norstat si novembermåling for NRK og Aftenposten. Framstegspartiet går mest tilbake, med 2,1 prosentpoeng til 12,3 prosent.

Fire døde etter båtkantring

NRK.no 

Fire menneske, blant dei to barn, er omkomne etter at ein båt kantra i Den engelske kanal tysdag, melder franske styresmakter ifølge AFP. Dei seier 14 andre som var med i båten overlevde kantringa, men at tilstanden til fleire av desse er alvorleg.

Varslar opptrapping av vektarstreik

NRK.no 

Norsk Arbeidsmandsforbund har sendt plassoppseiing for 229 nye medlemmer i samband med vektarstreiken. Desse blir tekne ut i streik måndag. I ei pressemelding opplyser arbeidstakarorganisasjonen at det er mange nyinnmelde medlemmer i uttaket.

Pris til «22. juli»-serien

NRK.no 

«22. juli» vant Prix Europa for beste europeiske fiksjonsserie på TV i 2020. Juryen mente blant annet at serien kaster lys over traumene ved tragedien på en veldig følsom måte.

Frakta med luftambulanse frå brann

NRK.no 

Personen som fekk brannskadar då ein brønnbåt tok fyr ved Fitjar mekaniske på Stord er frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse, melder politiet. Tre personar som hadde inhalert røyk er på legevakta. Brannen er avgrensa til eitt rom på dekk.

Har høgst smittetrykk i Europa

NRK.no 

Belgia har hatt høgst smittetrykk i Europa dei siste to vekene, med 1291,8 smittetilfelle per 100.000 innbyggarar, syner ei oversikt VG har laga. Til no har fleire enn 300.000 personar blitt smitta i landet, og 11.000 har døydd som følge av viruset.

221 dødsfall i Italia siste døgn

NRK.no 

Italienske styresmakter har registrert 221 dødsfall som følge av koronaviruset siste døgn. Det er fyrste gong det er meldt om fleire enn 200 dødsfall på éin dag sidan 15. mai, opplyser helseministeren i landet ifølge Reuters.





СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *