Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
NRK.no
Ноябрь
2020

Новости за 02.11.2020

Millionstøtte til Nagorno-Karabakh

NRK.no 

Noreg bidreg med 17 millionar kroner til humanitære organisasjonar som jobbar for å verne om og hjelpe dei som er hardast råka i konflikten, melder Utanriksdepartementet måndag. Dei er spesielt uroa for sivile som bur i tettbygde område som er råka.

120 i karantene

NRK.no 

120 personar er no i karantene etter smitteutbrotet i Volda. Det opplyser kommunen. Totalt åtte personar har testa positivt for koronasmitte i kommunen den siste tida.

Svensk koronapasient lungeoperert

NRK.no 

For fyrste gong i Sverige har ein pasient med covid-19 gjennomgått ein lungetransplantasjon, skriv Dagens Nyheter. Mannen i 50-åra frå Stockholm blei sjuk i mai, og skal ha ligge i ei hjarte-lungemaskin i 140 dagar før operasjonen fann stad.

Minst ti drepne i skyteangrep

NRK.no 

Minst ti studentar er drepne, og minst 15 er skadde, etter eit skyteåtak på universitetet i Kabul måndag, melder ei kjelde i dei afghanske styresmaktene ifølge Reuters. Fleire vitne seier åtaket skjedde etter ein eksplosjon råka området.

Warholm nominert til prestisje-pris

NRK.no 

Karsten Warholm er sammen med ni andre utøvere nominert til prisen som årets mannlige friidrettsutøver av World Athletics, det internasjonale friidrettsforbundet (WA). Prisen deles ut 5. desember.

94 millionar har stemt i USA

NRK.no 

Fleire enn 94 millionar amerikanarar har førehandsstemt fram til no, dagen før valet. Av desse er nesten 60 millionar poststemmer, syner ei oversikt frå US Elections Project. Talet har passert den totale stemmeoppslutninga som blei registrert i 2016.

Stenger skole på Askøy

NRK.no 

To personer har fått påvist koronavirus på Askøy. Et av smittetilfellene er ved Kleppe skole. Skolen stenges ned så raskt som mulig for å starte nødvendig smitteoppsporing, skriver kommunen. Foreldre ved skolen har fått beskjed om å hente barna.



Ja til omstridd grunnlovsendring

NRK.no 

Eit klart fleirtal har stemt for den omstridde grunnlovsendringa i Algerie, men oppslutninga om folkeavstemminga var svært låg med berre 23,7 prosent av veljarane, melder AFP. 66,8 prosent av desse sa ja til endringa, syner dei offisielle resultata.

Reginiussen gir seg på landslaget

NRK.no 

Tore Reginiussen gir seg på landslaget. Stopparveteranen, som er 34 år gammal, seier til Nidaros at det er på tide å sleppe yngre krefter til. Rosenborg-spelaren blei ikkje teken ut då Lars Lagerbäck presenterte landslagstroppen måndag.

Smittetopp i Asker og Bærum

NRK.no 

I helga blei det meldt om 51 nye koronasmitta i Asker og Bærum. Dette er det høgaste registrerte talet så langt i pandemien. Helga 28.–29. mars hadde nest flest smitta med 31 tilfelle. Samtidig blir det testa langt fleire no enn då pandemien starta.

Har ført til færre politimeldingar

NRK.no 

Koronasituasjonen i Noreg har ført til færre politimeldingar på landsbasis, skriv Politidirektoratet. I andre tertial av 2020 blei det meldt nesten 5 prosent færre lovbrot enn i same periode i fjor, særleg i vinning-, narkotika- og økonomilovbrot.

Portugal erklærer helsekrise

NRK.no 

Statsministeren i Portugal, António Costa, seier styresmaktene kjem til å erklære helsekrise i landet som følge av koronasmitten, ifølge AFP.

64 innlagde på norske sjukehus

NRK.no 

Måndag er 64 personar innlagde på norske sjukehus med koronasmitte. Dette er ein meir enn i går, ifølge nye tal frå Helsedirektoratet. 3 personar ligg på respirator. Dette er ein færre enn i går.

Mekling i kraftsektoren har starta

NRK.no 

Dersom det ikkje blir semje mellom Energi Noreg og EL og IT Forbundet, kan det bli streik i kraftsektoren frå onsdag. Dei forhandlar om lønstillegg og tariffavtalen. Over 1100 tilsette i 27 selskap kan bli tekne ut i streik om det ikkje blir semje.

T-banevogn redda av kvalskulptur

NRK.no 

Ei T-banevogn i Nederland køyrde forbi sperringar ved endestasjonen og risikerte å køyre utfor ei bru. I siste liten blei den stoppa av ein kvalskulptur, melder AP. Hendinga skjedde måndag morgon på endestasjonen i Speijkenisse, sør i Rotterdam.

Nye smittetilfeller etter bryllup

NRK.no 

Ytterligere 12 personer er smittet etter at to bryllupsfester ble arrangert i bydel Søndre Nordstrand og Alna i forrige uke, skriver VG. Til sammen er 46 personer er smittet med koronaviruset etter bryllupene og 300 er i karantene.

Kviterussland: Hundrevis arresterte

NRK.no 

Kring 300 menneske blei arresterte i løpet av demonstrasjonane i helga mot den kviterussiske presidenten Aleksandr Lukasjenko, opplyser innanriksdepartementet i landet. Fleire titusen menneske deltok i eit demonstrasjonstog i Minsk, melder AFP.





СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *