Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
NRK.no
Ноябрь
2020

Новости за 07.11.2020

– Prøvde å levere falske stemmer

NRK.no 

To væpna menn som blei arresterte utanfor eit opptellingslokale i Philadelphia skal ha freista å levere store mengder falske stemmesetlar, skriv CNN. Politiet fann våpen, ammunisjon og klistremerke knytte til konspirasjonsteorien QAnon i bilen deira.

Fleire ringer inn om rusproblem

NRK.no 

Mange som hadde eit problematisk alkoholbruk før pandemien har det endå verre no som dei jobbar heimanfrå, seier direktøren for Akan til Dagens Næringsliv. Talet på folk som kontakta Akan auka med 20 prosent i perioden frå 13. mars til 30. september.

Stoppar all innreise frå Danmark

NRK.no 

Styresmaktene i Storbritannia stoppar all innreise frå Danmark i samband med koronautbrotet blant mink i landet, skriv avisa Ekstra Bladet. Danmark har vedteke å avlive alle minkane dei har etter at ein mutert versjon av viruset tok til å spreie seg.

Skjerpa smittevern på førarprøver

NRK.no 

Frå måndag av må både kandidat og sensor bruke munnbind under oppkøyring til bil eller traktorsertifikat, melder Statens vegvesen. Dette gjeld på 23 trafikkstasjonar i landet. I tillegg oppmodar dei til å berre la folk frå lokalområda få køyre opp.

Flest dødsfall på eitt døgn

NRK.no 

Styresmaktene i Ungarn har laurdag registrert 107 dødsfall som følge av koronaviruset, melder Reuters. Dette er det høgaste dødstalet på eitt døgn landet har meldt nokosinne. Landet melder også om 5318 nye smittetilfelle i same tidsperiode.

Luftrommet ved Oslo lufthavn åpent

NRK.no 

Luftrommet ved Oslo lufthavn Gardermoen åpner igjen etter at en strømfeil førte til at det ble stengt lørdag morgen. Det opplyser Erik Lødding ved Avinor Sikring til VG. Stengningen kom som følge av en strømfeil på Avinors kontrollsentral i Røyken.

Vil spare ved å brøyte mindre

NRK.no 

Rådmannen i Bodø føreslår mindre brøyting på vegane for å spare pengar. Ifølge an.no går forslaget ut på at ein fyrst skal brøyte ved 8 cm snø i sentrum og 12 cm i distrikta, mot høvesvis 5 og 8 cm i dag, og at ein berre skal strø i bratte bakkar.



Kraftig eksplosjon ved bustadbygg

NRK.no 

Ein eksplosjon blei utløyst ved porten til eit bygg med fleire bustader sør for Stockholm natt til laurdag. Skadane skal berre vere materielle, melder svensk politi. Bombeteknikarar har blitt sendt til staden for å finne ut kva som blei detonert.

Vedtek å erstatte leiarane i Tigray

NRK.no 

Styresmaktene i Etiopia skal utnemne eit nytt, mellombels føderalt styre for Tigray-regionen i landet, skriv statlege medium ifølge Reuters. Statsministeren har skulda det noverande styret for å ha angripe ein militærbase og freista å stele frå den.

Fleire enn 23.000 nye smitta

NRK.no 

Talet på personar som har fått påvist koronasmitte i Tyskland auka med 23.399 laurdag, og er no totalt 642.488. Det melder Robert Koch instituttet ifølge Reuters. Det er også meldt om 130 nye koronarelaterte dødsfall siste døgn, til totalt 11.226.

Dømd til fengsel for nakenbilete

NRK.no 

Ein mann i starten av 20-åra er dømd til seks månader vilkårslaus fengselsstraff for å ha sendt bilete av sitt eige kjønnsorgan til ei mindreårig jente, skriv Telemarksavisa. Han starta å sende desse då jenta var 14 år gammal, og heldt fram i to år.

Stoppa fest med opp mot 40 gjestar

NRK.no 

Politiet rykte ut til ein privat fest i Volda i Møre og Romsdal kring klokka 2 natt til laurdag. Dei melder at mellom 35 og 40 gjestar var til stades. Festen blei oppløyst, og personen som arrangerte den blei meldt for brot på smittevernreglane.

Ingen får lette fra Oslo Lufthavn

NRK.no 

På grunn av problemer med strømforsyningen til Røyken kontrollsentral, som overvåker luftrommet på Østlandet, kan ingen fly lette fra Oslo lufthavn Gardermoen nå. Pressevakta i Avinor sier det jobbes med å rette opp feilen.

Problemer på Oslo lufthavn

NRK.no 

På grunn av problemer med strømforsyningen til Røyken kontrollsentral, som overvåker luftrommet på Østlandet, kan ingen fly lette fra Oslo lufthavn Gardermoen nå. Pressevakta i Avinor sier det jobbes med å rette opp feilen.

Erdogan sparkar sentralbanksjef

NRK.no 

Den tyrkiske sentralbanksjefen har fått sparken av president Recep Tayyip Erdogan etter ei periode med høg inflasjon og fallande valutakurs for tyrkiske lira, melder AFP. Murat Uysal vil bli erstatta av tidlegare finansminister i landet, Naci Agbal.

Festar avslutta av politiet

NRK.no 

Politiet i Vestland har i natt rykt ut sju gonger etter meldingar om forstyrring av natteroa. I alt har politiet fått inn åtte slike meldingar i Bergen og nabokommunane. På to av adressene var det meir enn 5 personar samla. Festane her blei avslutta.

Drapssak frå Jæren i retten

NRK.no 

Måndag startar straffesaka mot to menn frå Jæren som for eitt år sidan drap det tilfeldige offeret, 44 år gamle Sigbjørn Sveli, på Regestranda i Sola. Ifølge forsvararane Fredrik Brodwall og Inam Ghous Ali, nektar begge straffskuld etter tiltalen.

Fleire enn 10.000 nye smitta

NRK.no 

Helseministeren i Ukraina melder laurdag om 10.746 nye koronasmitta personar i landet, ifølge Reuters. Dette er det høgaste døgntalet dei ukrainske helsestyresmaktene har meldt nokosinne. Dei har også registrert 187 nye koronarelaterte dødsfall.

155 nye smitta i Oslo

NRK.no 

Oslo kommune melder om 155 nye smittetilfelle laurdag, 27 fleire enn døgnet før. Det er også registrert 610 nye koronasmitta personar i Noreg sidan fredag morgon, syner dei oppdaterte tala frå Helsedirektoratet. Dette er fem fleire enn ved midnatt.





СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *