Forsvarar: Ikkje noko motiv bak Øygarden-drapet
– Basert på det som er kome fram så langt i etterforskinga så er det ingenting som tyder på at det var noko motiv, seier Jørgen Riple til NRK onsdag kveld. Han forsvarar mannen som er sikta for å ha drepe ei kvinne i Øygarden søndag morgon. Riple har tidlegare omtalt det som ei hending som kom ut av kontroll. Etter at den sikta mannen har vore i fleire avhøyr trur han dei fleste spørsmål er avklart i saka. – Det er iallfall mi oppfatning at det er ganske lita usikkerheit om kva som har skjedd, korleis og når.