LSK-tap i Tyskland
LSK Kvinner tapte 2-0 for Wolfsburg i første kamp i åttedelsfinalen i meisterligaen. Alexandra Popp scora begge måla. Det første kom etter berre to minutt, det andre eit kvarter etter pause. Wolfsburg dominerte kampen og skapte mange sjansar, men sløste bort dei fleste. Ingrid Syrstad Engen, som kom frå LSK i 2019, spela heile kampen for Wolfsburg. Karoina Sævik spela andre omgang for det tyske laget. Returkampen går neste onsdag. På grunn av norske karantenereglar skal den spelast i Budapest.