WTA framleis skeptisk i Shuai-saka
WTA, det internasjonale tennisforbundet for kvinner, er framleis ikkje overtydd om at Peng Shuai (35) er fri, trass i at ho i eit intervju skal ha gitt uttrykk for at ho har det bra.
Intervjuet var gitt til Lianhe Zaobao, ei kinesisk-språkleg avis som kjem ut i Singapore.
– Eg har alltid vore fri, er Shuai sitert på der.
Der nektar ho også for at ho i ei melding på weibo – Kinas variant av twitter – skal ha skulda ein tidlegare visestatsminister for valdtekt. Posten blei raskt sletta, og deretter gjekk det over to veker før nokon høyrde frå henne.
WTA er ikkje mindre uroa etter dette intervjuet, der ho seier at posten var «ei privatmelding som har blitt mistydd».
– Vi er svært uroa for hennar velferd og sjansar til å kommunisere med omverda utan sensur eller tvang, skriv WTA i ei fråsegn måndag.
Dei har tidlegare suspendert alle turneringane som skulle ha vore arrangert i Kina.