Heimesiger på nye Jordal Amfi
Vålerenga vann 4–1 då dei tok i mot bynabo Grüner på første kamp i nye Jordal Amfi. Med sigeren står Roy Johansens menn med full pott etter sesongens tre første kampar. Oslo-klubben leiar dermed serien, etter at Storhamar gjekk på eit skrell heime mot Manglerud Star og tapte 4–7.