Straumstans i Stockholm – elleve personar sat fast på toppen av Globen
Det skriv Aftonbladet. Attraksjonen Skyview på Globen skal ha stoppa på grunn av eit større straumbrot sør i Stockholm. Ifølge avisa sat 11 personar fast i attraksjonen som ligg på toppen av det 85 meter høge bygget. – Det er ikkje luft her og det er veldig varmt. To person har høgdeskrekk og det er barn her også. Vi har berre ei vassflaske som held på å bli tom, fortel ein av dei som sit fast til avisa. Redningstenesta hjelpte til med å hente passasjerane ned frå det nesten hundre meter høge bygget. Читать дальше...