Offentleggjer namnet på drepen 60-åring
Det var Alf Magnar Habbestad (64) frå Ølensvåg i Vindafjord kommune som blei funnen drepen søndag. Namnet er offentleggjort i samråd med dei pårørande, skriv politiet i ei pressemelding. Politiet fekk melding via AMK natt til søndag. Ei kvinne i 40-åra blei kort tid etter pågripen og sikta for drap. – Den sikta er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Sikta erkjenner ikkje straffskuld, seier politiadvokat Christine Kleppa. Politiet har gjennomført fleire avhøyr av vitne og gjort ei rundspørjing i området. Читать дальше...